Ferda går framover om ein er på rett veg!!
Det vert satsa mykje på å hindre at elevar sluttar før dei har fullført vidaregåande skulegang.
Prosjekt "Elev hjelper elev" er eit tiltak som skal hjelpe elevar som strevar med matematikk. Det skal koma som eit tillegg til vanleg undervisning.
Det er eit tiltak for å gje støtte dersom ein har fagvanskar innanfor eitt eller fleire emne. Til dømes kan ein VG2-elev i ein fritime hjelpe ein VG1-elev med eit problem.
I neste omgang kan det vera ein annan elev som treng litt ekstra påfyll.
Hjelparen vil få betaling for støttetimane som er haldne, det er ein fastsett pris for denne undervisninga. Me har stor tru på dette, i praksis er det ein vinn-vinn-situasjon for båe partar, både hjelpar og den som får hjelp.
Du lærer ved å få forklart, og du lærer ved å forklare.
Hjelpa skal organiserast og tilretteleggjast av studieleiar/T-rådsleiar.


