Top menu




Historie

Vest-Telemark vgs (før Dalen vgs.) var den fyrste vidaregåande skulen som den nye Fylkeskommunen etablerte, og den starta i 1977 som ein kombinert skule med både teoretiske og praktiske liner

Dei 4 fyrste åra leigde vi lokal av Tokke kommune, men i 1981 flytta vi inn i det nye skulebygget vårt. Tomta ligg ved sidan av Tokke grunnskule og idrettsplass og mellom elva og eit vakkert gamalt gardstun, Moen. Garden var eit senter for mange verksemder som bruka vasskraft og difor var her ein møtestad for bygdefolk og tilreisande. Dette knutepunktet skulle nå den nye skulen stå for
Skuleanlegget er teikna av firmaet Arkide`, og det er eit praktbygg som både kombinerer moderne opne løysingar med tradisjonelle kraftige trekonstruksjonar, store glasflater og skrå tak. Både Helsesenteret og det nye kommunehuset har seinare blitt teikna av dei same arkitektane etter dei same prinsippa. Bygget, som kosta 24 millionar, har ei teori-
avdeling og ei praktisk avdeling, alt på eitt plan, 4700m. Tre atrium med grøntanlegg, kunst og trivelege sitjeplassar gir også lys og trivsel til romma og dei store korridorane. Her finn ein bord og benkar utanfor klasseromma, og dei er eit alternativ til den store kantina. Veggane er smykka med kunst . Mykje kom i samband med opninga av skulen, og vi har og fått mange kunstverk gjennom åra
Seinare har skulen blitt utbygd med ny verkstadfløy, vi har fått ein ny idrettshall i tilknytning til skulen, og alle undervisningsrom er godt vedlikehaldne og tilført data, TV og video
Konklusjonen er at vi i dag har eit skuleanlegg som er tidsmessig og vakkert, og difor svært triveleg å arbeide i for elevane og personalet.

Skuletilboda våre fram gjennom 1980-åra
Skuletilbodet vårt i starten i 1979, var 2-årige grunnkurs på handel- og kontor-lina og på maskin- og mekanikarlina. Så kom det same grunnkurset på helse- og sosialfaglina.
I 1979 starta 3-årig utdanning i allmennfag med språkline og naturfagline
Det var stor etterspurnad etter mekanikarar både på dei mindre verksemdene i Vest-Telemark og i industrien i Grenland.
Seinare på 80- talet fekk vi difor vidaregåande kurs Landbruksmekanikk VK I og II der elevane gjekk ut med både vitnemål og fagbrev.
I kraftkommunane her i Vest-Telemark og på grunn av den rivande elektroniske utviklinga, var særleg gutane interesserte i elektrofag , og skulen fekk og her eit grunnkurs.
Mange kvinner i regionen ønskte utdanning innan kontor og omsorgsyrka der det var arbeid å få. Skulen utvida tilboda på handel- og kontorlina til VK I-kurs innan økonomi og rekneskap. I samarbeid med Foldsæ landbruksskule hadde vi og kurs i landbruks-rekneskap, som blei vidareført her då Foldsæ blei nedlagt.

Samarbeidet med næringslivet og institusjonar var eit nytt satsingsområde for oss som blei intensivert og formalisert fyrst gjennom Result-prosjektet, start i 1989, og så gjennom den nye skulereforma i 1994.
Konklusjonen er at i 1980-åra fekk vi dei grunnleggjande skuletilboda som var i pakt med ønskja frå kommunane og næringslivet i vår region, og samstundes var det dei linene som dei fleste unge og utdanningssøkjande også ynskte.
Skulen var nå grunnlagt, og utviklinga i desse åra viste at han har livets rett i Vest-Telemark.

1990-åra- nytt innhald i skulen vår
Vest-Telemark Ressurssenter
I 1989 blei Kommunaldepartementet og Kyrkje-utdannings- og forskningsdepartementet einige om eit felles prosjekt for samarbeid mellom vidaregåande skular og lokalt næringsliv.
Prosjektet fekk namnet Ressurs- og utviklingstiltak, forkorta RESULT. Det skulle gå over 2 år på 14 stader over heile landet. Vest-Telemark vgs fekk etter søknad tildela prosjektet i Telemark.
Det innebar ein prosjektleiar på skulen og økonomiske ressursar til drifta.
Målsetjinga var å utvikle samarbeidet mellom skulen, fagopplæringa, det lokale næringslivet, arbeidsmarknadsetaten og kommunane.
Av tiltak som blei sett i gang, kan nemnast:
EDB-opplæring, ulike AMO-kurs t.d innan TV-media, helse/miljø, og reiselivsprosjekt.
Resultata var så gode både med omsyn til samarbeid, utvikling og økonomi at etter at dette prosjektet var over, har vi gått vidare på eiga hand. Det har nå blitt ei eiga avdeling på skulen som har fått namnet Vest-Telemark Ressurssenter.
Her utviklar ein stadig nye kurs og prosjekt- sjå eiga orientering. Konklusjonen er at ressurssenteret vårt har ført heile samfunnet inn i skulen, og vi har blitt ein møteplass for vaksenopplæring, IKT-utvikling, samarbeid med næringslivet og kommunane, miljø- og kulturprosjekt.

Reform 94 og utviklinga i 1990-åra
Reform 94 medførte ny organisering og nye fag i den vidaregåande skulen, samstundes som ein også skulle ta betre hand om elevar med ulike føresetnader. Etter VK I -kursa skulle elevane på dei praktiske linene fullføre opplæringa si som lærlingar ute i arbeidslivet.
Utfordringa vår blei nå å få enda betre kontakt med bedriftene og helseinstitusjonar for å gje arbeidspraksis og lærligplassar.

Mekaniske fag:
Skulen har laga mange samarbeidsavtaler, slik at også td. elevane på VK I mekaniske fag får prøve seg i arbeidslivet. Lærarane våre blir betre kjende med utviklinga og kan tilpasse opplæringa både til elevane og til dei krava som gjeld i det aktuelle yrket.
Vi fekk ein eigen lærlingkoordinator som har heile Vest-Telemark som arbeidsfelt, og han skaffa lærlingplassar. Sidan det har vore vanskeleg å få allsidig nok utdanning for lærlingar innan landbruksmekanikk på dei små verksemdene i distriktet, har vi hatt VK II- kurs fram til i dag, med avsluttande fagprøve på skulen.
I tillegg har vi fått VK I-kurs Skipsbygging og vi har fått VK I Kjøretøy.

Helse- og sosialfag:
Her fekk vi VK I-kurs Omsorgsarbeidar, og parallelt kom det Hjelpepleiar-kurs på Ressurssenteret vårt. Sidan det her er mykje fellesstoff, og vi har kvalifiserte lærarar, gir skulen nå opplæring på desse to linene slik at elevane får fleire val.

Allmenne fag:
Fagtilbodet har blitt større og vi har også fått fordjuping i samfunnsfaga.
Med så mange fordjupningsfag blir det små grupper og god kontakt mellom lærar og elevar.
Vaksenopplæring:
Då dei kombinerte grunnkursa blei borte med R 94, auka interessa for vaksenopplæring i allmennfaga. Mange ynskte studiekompetanse, særleg kvinner, for å bli t.d sjukepleiar, lærar eller få eit anna høgskulestudium. Fleire tar fag i dei ordinære klassene, dersom det er plass. Skulen hadde kvart år kveldsundervisning i to allmennfag, etter ein fast plan, slik at ein fekk denne kompetansen.
Vi har og hatt vaksenopplæring i praktiske fag som lafting. Vanlegvis er det ressurssenteret som tar seg av vaksenopplæringa både på kveldstid og dagtid.

Konklusjon: Skulen har endra organisasjon og utfordringa er heile tida å ta vare på alle elevane våre ved å gi dei ei god fagleg og tilpassa opplæring tilpassa samfunnet rundt oss, samstundes som dei trivast og utviklar seg til harmoniske menneske. Dette er målsetjingane i R-94 som vi arbeider etter.

På veg inn i 2000-talet
Ved århundreskiftet hadde vi starta med den nye leiarstrukturen som var vedtatt av Hovudutvalet for vidaregåande opplæring i Telemark. Bakgrunnen var å få ein organisasjon som var betre tilpassa dei nye oppgåvene i skulen. Utover i 90-åra var målstyring det berande prinsippet i Fylkeskommunen. Verksemdene fekk disponere ressursane friare, og dei fekk meir handlefridom, men også meir ansvar. Dette blir ført vidare ved at sentral- administrasjonen blir redusert, og fleire oppgåver blir overført til den einskilde arbeidsplass, t.d, skulane, slik det er gjort i den nye strukturen. Skulen er nå oppdelt i avdelingar og med eit felles tenesteapparat: administrativ og pedagogisk stab.

Elevane står i fokus. God læring er basert på tett og konkret samhandling med faglærar. Kvar elev har sin kontaktlærar som følgjer opp planar og progresjon. Elevsamtaler, fagsamtaler og sjøvstudier med tilgjengeleg faglærar, er og gjennomført.

Elevane har og sitt styringsorgan - Elevrådet.
Konklusjon: Skulen er omorganisert for å møte krava frå elevane og samfunnet på ein meir tidsmessig og betre måte. Dataalderen og internasjonaliseringa er etablert, og dette vil føre til nye endringar. Data rasjonaliserer og endrar arbeidsmåtar, men kompetanseutvikling og utstyr krev store ressursar. Det blir stilt stadig større krav til oss om integrering av alle grupper i skulen. Det krev ein open kultur og velvilje. Utfordringane er store framover. Endringane blir fleire og fleire, og det vil gå raskare og raskare.

No står ny reform for døra:
Kunnskapsløftet er realitet frå hausten 2006 med alt det vil innebera

Då er det godt at mottoet vårt er: På jakt etter betre løysingar!

Torgrim Otterholt
rektor