Regelment
ORDENSREGLAR FOR SKULENvedtekne 29.05.01. |
- Spesialrom/datarom skal låsast etter time.
- Spesialrom/datarom skal ikkje nyttast utan at ein lærar er ansvarleg, etterser orden og slår av utstyret/maskinene etter bruk.
- Spesialromma/dataromma skal ha timeliste for ledige timar på døra. Ei liste for kvar veke i skuleåret slik at faglærar kan krysse av og unngå kollisjonar.
- PÃ¥ spesialrom/datarom skal ingen ete eller drikke.
- Klasseromma er opne.
- TV i klasserommet nyttast til undervisning.
- TV i kantina er til elevbruk.
- Kantina bør nyttast til alle måltid.
- Ein skal ikkje ete og drikke i klasseromma.
- Faglærar som har siste time i klasserommet, syter for at rommet er i god skikk, låser og sløkkjer.
- Røyking utanfor skuleområdet.
- Mobiltelefon er forbode i timane.
ORDENSREGLAR I TOKKEHALLEN
1. Ikkje fotballsko inne i bygget.
2. Ta av anna skotøy utanfor garderoben.
3. Sett alt skotøy att i gangen.
(Bakgrunnen for desse påboda er at det skal vera lettare å halde det reint i hallen.)


