Top menu



More articles


Retningslinjer for bruk av IKT-utstyr

 

 

Retningsliner for bruk av IKT-utstyr ved Vest-Telemark vidaregåande skule

Vest-Telemark vidaregåande skule legg vekt på at elevane skal ha god kompetanse i bruk av IKT, og skal kunne nytte IKT i læringsarbeidet sitt. Skulen har difor lagt til rette for at elevane skal ha tilgang på IKT-utstyr og nettverk.

Målsetjinga er at IKT berre skal nyttast til skulearbeid i skuletida.

For at drift av utstyr skal vere minst mogeleg kostnadskrevjande, og for at IKT skal vere fremjande for læring, har skulen i samarbeid med elevane sett opp forslag til følgjande køyrereglar for IKT-bruken :

 

Vedlikehald av maskiner

Elevane er ansvarlege for å tryggleikskopiere viktige filer jamleg. Dette kan gjerast ved å brenne filene på CD eller nytte annan lagringseining enn harddisken til maskina.

Elevane bør lære seg å lage ”gjenopprettingspunkt”, og å nytte dette aktivt.

Elevane er ansvarlege for å oppdatere Windows og viruskontroll jamleg.

Skader på maskiner skal meldast så raskt som råd.

 

Bruk av program

På maskinene skal det berre nyttast programvare som er tenleg i læringsarbeidet.

Elevane skal nytte Classfronter.

Det er ikkje lov til å vere pålogga eller nytte MSN (eller liknande kommunikasjonsformer) i læringsøktene, med mindre faglærar har gjeve særskilt løyve for kvar einskild økt.

Det er ikkje lov til å laste ned musikk og film for privat bruk i skuletida.

MERK : Det er ikkje lov til å nytte dataspel i skuletida.

 

God PC-skikk

Elevane skal uoppfordra late att berbar PC i læringsøkter der det ikkje er behov for å nytte han.

Elevar skal late att og ikkje nytte berbar PC viss lærar ber om det.

NB! Maskiner som ikkje fungerer tilfredsstillande på grunn av at reglane ikkje vert haldne, vil bli gjenoppretta utan forsøk på reparasjon først.