Nyhende
Yrkesmessa 2012 - stor suksess!
Mange flotte stands og stor stemning gjorde yrkesmessa 2012 til ein av dei beste i manns minne. Tusen takk til alle utstillarar, lærarar og elevar, som gjorde ein kjempeinnsats for å få messa til å bli så bra.
Velkommen til Yrkesmessa 2012
Vest-Telemark vidaregåande skule vil med dette invitere til Yrkesmessa 2012. Torsdag 2. februar!
Nye tider for timane - matfri utvida med 15 min.
Me har lagt om timeplanen og gjor matfri litt lengre. Det gjer at timane etter lunsj har fått andre tidspunkt.
Velkommen til foreldremøte
Det vert foreldremøte måndag 23. januar i kantina.Møtet er for foreldre og elevar i VG1-klassane.
Vest-Telemark vidaregåande har oppretta fjesbokside
For å nå ut til alle tilhengarane våre, for å knyte saman nye og gamle elevar og lærarar, for å få ein god dialog med alle dei som ikkje alltid er innom skulebygningen vår, - så har me oppretta ei eiga fjesbokside www.facebook.com/VTVGS .
Snoskuterkurs på Vest-Telemark vidaregåande skule
I helga gjekk dei to første snoskuterkursa av stabelen. Stor suksess!
Ordføraren i Tokke på skulebesøk
Tysdag 4. januar 2012 fekk skulen storfint besøk. Ordføraren i Tokke kommune Hilde Alice Vågslid ønskte å vitje skulen.
Elektroline!
Fylkestinget og næringslivet i Vest-Telemark er samstemde i at Vest-Telemark vidaregåande skule skal tilby elevar i Vest-Telemark utdanning innan elektrofag.
Tinnitusekspert Cathrine Forsberg på besøk
Cathrine Forsberg vitja skulen fredag 11.11.11.
Infokveldar for ungdomsskulane i regionen
Rådgjevarane er i fullgang med å gje informasjon til alle 10. klassingane våre. Med på laget har dei alle dei vidaregåande skulane i regionen. Onsdag kveld 9. november var det stort informasjonsmøte i Åmot for alle 10. klassingar i kommunane Tokke og Vinje, og tysdag 15. november sto Fyresdal og Nissedal for tur.
Ein skule for framtida
iPad-prosjektet til Helse- og sosialfagklassen vert lagt merke til i fylket. Laurdag 22. oktober fekk vi førstesida i Varden, og måndag følgde Lars Kise opp og omtala prosjektet vårt i leiaren sin.
Nytt elevrådstyre
Det nye elevrådet på skulen består av Elevrådsleiar Erik Tveit, 2a - Nestleiar Andrea Fjågesund, 1a - Styremedlem Joakim Røv, AMKA
Spennande samarbeidsavtale med Statkraft
Vest-Telemark vidaregåande skule får delta i arbeidet med å oppgradere Byrte kraftverk.
DBY
Måndag 12. september synte "Kulturskatten" teaterstykket DBY for heile skulen i Tokke kulturhus. I ein time fekk elevane følgje den dramatiske historia om Mai og Reza. Les meir om stykket her: http://www.kulturskatten.no/institusjon_1683/produksjon_10084 .
Terje Riis-Johansen på besøk
Onsdag 31. august var Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat på besøk, saman med andremann på lista Beate Kasland. Frå Tokke var Ordførar Olav Urbø med, samt leiar i kultur- og oppvekstutvalet og Senterpartiet sin ordførarkandidat Thor Arne Heggtveit.
Den lette skulesekken
Vest-Telemark vidaregåande skule har, som den første vidaregåande skulen i Telemark, starta med eit prosjekt om bruk av iPad i undervisninga. Fredag 19. august fekk VG1 Helse- og sosialfag utdelt kvar sin iPad, og har den siste veka gjort seg kjende med brettet. På utdelingsdagen var VTB til stades, og dei skreiv ein flott artikkel i avisa dage...
Mykje moro på mjuk skulestart
Mange aktivitetar og stor innsats då alle gruppene på skulen konkurerte om gjeve reisekroner fredag 19. august.
Sommarferie og skulestart
Me vil ønskje alle god sommar og vel møtt etter ferien. Skulen byrjar med planleggingsdag for tilsette. Elevane byrjar onsdag 17.august kl.08.20 med fellessamling i Kantina. Der får dei møte ny rektor, Tove Palmork Haavelmoen, ny studieleiar Lars Torstein Momrak, ny adm.leiar Gro Egeli og ny avdelingsleiar for yrkesfaga blir Siv Reidun Einebær...
Skuleslutt våren 2011
VG3 Studieførebuande hadde stor fest med taler og underhaldning fredag 10.juni. Samstundes hadde VG2 Helsefagarbeidarar og VG2 Barne- og ungdomsarbeidarar avslutningsfesta si hjå Astrid. Takk for tre gjeve og lærerike skuleår på Vest-Telemark vgs.
Plan for eksamen 2011
Plan for gjennomføring av eksamen finn du under fanen "Skulen" på "Kva skjer?" - under "Mai/Juni", eller ved å klikke på "Les mer." Sidan skulens visjon er : "Alle kan - me hjelper deg fram"- (trengst også no i travle eksamenstider....), her er visjonen konkretisert ved eit bilete av to som stør kvarandre.
Eksamen 2011
Mai og eksamen. Skulen ønskjer LYKKE TIL!! Resultatet er som følgjer : Ingen på mekanisk avdeling kom opp. VG1 HS matematikk, VG2 tysk + P-matte/ engelsk, VG3 hovudmål + 13 stk. sidemål, VG3 kjemi/fysikk/matematikk + engelsk/entreprenørskap/politikk og menneskerettar. Vaksne opp i engelsk
Skuleplass 2011-2012
5961 søkjarar til vidaregåande opplæring i Telemark har fått skuleplass i 1. opptaket. Det er 96 prosent av alle søkjarar med ungdomsrett. På fylket si nettside står : "1.inntaket er et forhåndsinntak på bakgrunn av karakterene fra 1. termin. 87 prosent av søkerne i dette inntaket har fått tilbud på 1.ønske både for skole og utdanningsprogram....
Tor Øystein Gravdal er kåra til "Årets fritidsleiar 2011"
HIPP HURRA!! Vår gode samarbeidspartnar Tor Øystein fekk prisen i midten av april. Skulen gratulerer og seier prisen er vel fortent, ja ulikeleg vel fortent!! Varden skriv 12.04.11 : "Årets fritidsleder er fra Tokke. Tor Øystein Gravdal fra Dalen ungdomsklubb er kåret til "Årets fritidsleder 2011" i Norge. Årets vinner betyr veldig mye for vel...
NY REKTOR VED VEST-TELEMARK VGS
Me ønskjer kollega Tove til lykke med tilsetjinga og viser til artikkel på infosida til Telemark fylkeskommune "Slusa" - Publisert 24.03.2011 "Ny rektor for Vest-Telemark vidaregåande skule" Tove Palmork Haavelmoen (55) er tilsett som ny rektor for Vest-Telemark vidaregåande skule. Ho byrjar i stillinga 1. august. Ny-rektoren har tidlegare vor...
Bassengtrening
Tokke kulturhus har eit kjempeflott basseng som skulen får låne. Kvar fredag har arbeidstreningsgruppa symjing. Det er ei stor glede å boltre seg i vatnet, ein lærer å vera trygg, ein lærer å symje. Attåt er det super trening for heile kroppen. Me er veldig fornøgde med å ha dette tilbodet.
VINTERFERIE i VEKE 8
Vinterferie i veke 8. VM i Oslo, Vierli super- snobrett- arena. Oiii. Er veret godt, er ute-tilboda mange og varierte for ei aktiv ferie. Er veret dårleg, er det timesvis med god underhaldning inne. GOD FERIE!!! (Les fanen "Skulen" under "Kva skjer" for å vite planar for februar og mars).
YRKESMESSA 2011
Det er februar, --- og me har hatt vår årlege yrkesmesse første torsdagen i månaden. Denne gongen var messetorsdag 3. februar, og mange drog til Vest-Telemark vgs for å snakke med informantar frå over 90 ulike yrkesretningar. Kommuneadministrasjonane, fylkestilsette og avisene var også representerte. DET HEILE VART EIN STOR SUKSESS. ME TAKKAR A...
Søknad vidaregåande opplæring 2011-12. NB!! Skulen har breiddeidrett i fagkrinsen.
Søknadsfristar er : Særskilt inntak: 1. februar. Ordinært inntak: 1. mars.Hugs at du har PIN-kodar til MinID i god tid før søknadsfristen. Meire info på vigo.no
Elevundersøkinga 2011
Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der elevane får seia si meining om trivsel på skulen, og om kva som er viktige for å lære best mogleg. Elevundersøkinga, som er individuell og anonym, vert utført kvar vår frå 17. januar til og med 29. april. For vår del skjer det i veke 4. Det er obligatorisk å gjennomføre denne for alle el...
Med 2A til Skottland hausten 2010
Rapport Skottland – 2A, 31. oktober – 3. november 2010 ReisaKjørte buss, og åt ”fantastisk god” mat! Me såg ein film sø og sei uten lyd, men det va moro, veit du. Når me kom te Torp flygeplass, måtte me vente i ein evighet på Jørgen, Eirik Aas og Åsne-lærar. På same tidspunkt sat Jørgen, Eirik Aas og Åsne-lærar nokon meter vekk og venta på kånn...
www.framtida.no ..."Nettside for unge," seier reklamen.
Eitt er sikkert; her kan du lære å skrive gode kåseri. Klikk på ulike tekster, t.d. Are Kalvø sine, og kos deg med morosam lesing samstundes som du lærer korleis ein utøver sjangeren. På fanen "Linkar" finn du nettstaden.Trur du norsklæraren vil like dine tekster?? SPØR HENNE!!
Joleavslutning 22.desember 2010 - grautfest!!
Felles samling i Kantina rundt nydeleg jolebord i raudt og grønt. Underholdning og sang, spørjekonkurranse og taler. Ei triveleg jolehøgtid for oss alle. Mange minne festar seg, og med Tove som fotograf, har me øyeblikka med oss inn i joli.God jol og godt nyttår!!
Besøk av Sölvi Algermissen fra Wiefelstede i Nord-Tyskland
Sölvi har Leonardo da Vinci-stipend og skal vera hos oss ei veke. Målet for veka er å bli kjent med norsk skule og lære norsk. Familien hennar har hatt hytte i Fyresdal i 15 år. Der har dei vore i alle feriar sidan ho var liten, ho er no 20 år. På sikt vil ho flytje og bu i Noreg, for ho likar nordmenn, og ho likar naturen her!! Utdanningsplan...
Skulebesøk veke 48 og 49 hausten 2010
Ungdomsskuleelevar besøker Vest-Telemark vgs. I to veker framover kan me gle oss over å ha ungdommane på skulen vår.Program for dei ulike studieretningane finn du ved å klikke på linkane.
November 2010
Besøksmånad!! Sjå under fanen "Skulen" på "Kva skjer", og på "Les meir" Biletet er frå "Lappeteppeåkrane" inngjerde av stein på Aronøya, VG3-turen.
"Dei som les bøker, skriv vakrare kjærleiksbrev!!"... er det sant??
"Syvjug søkjeljos på bøker. ".... Bokbloggen til Vest-Telemark vidaregåande skule sitt skulebibliotek. Ny fin blogg med informasjon. Du finn sida ved å gå inn på fanen "Linkar" og klikke på "Leselampa"
VG2 - helsefagarbeiderklassa på Rikshospitalet i Oslo
VG2 - helsefagarbeiderklassa var på ekskursjon til Oslo og Rikshospitalet 21.oktober. Det er få som får høve til å besøke Rikshospitalet, så me er svært heldige som får koma dit. Me blei vist rundt av sjukehusprest Egil Eide som har samarbeida med oss i mange år. Han fortalte om arbeidet sitt som sjukehusprest, og om kva han opplever dagleg i...
VG1 TIP i ny drakt
- og det er ikkje snakk om "keisarens nye klede", nei, nei, nei......!! , men flunkande nytt arbeidstøy frå IKM Maskinering A/S avd. Fyresdal. Næringslivet støttar opp om skulen vår, alle TIP-elevane skin i raudt. Snakk om FLOTT gåve!! TUSEN TAKK
Teater i Tokke Kulturhus tysdag 16.november kl.13.30
Neste månad, tysdag 16.nov. skal me bort i Tokke Kulturhus og sjå teaterstykket "Blått Rom." Stykket har fått strålande kritikkar. Skodespelarar er Anne E Kokkinn og Terje S Naudeer ("Roland" frå "Himmelblå"). Thorild som har ansvar for den Kulturelle skulesekken skriv : "Jeg kom akkurat tilbake etter å ha sett "Blått Rom" sammen med 180 elever...
Energikampen 2010
Energikampen 2010 blei utkjempa ved Songadammen 8.-10 september! Lærarane Pål Berdal, Bjørn Vindal og Karl Torstein Hetland ordna som vanleg med planlegging og logistikk, og dei 8 Fysikk 1-elevane våre stod for den praktiske gjennomføringa av opplegget. Alt var gjort i stand dagen før, og torsdagsmorgonen tok dei i mot ungdomsskuleelevar og læ...
"Sei ifrå" og Global Dignity 2010
Onsdag 20. oktober kl.12.00 er det "Sei ifrå" for VG2-klassene. Global Dignity - same dag, onsdag 20.okt. skal VG1-klassene ha eit spesielt opplegg i første og andre skuletime. Ansvarleg er elevrådsleiar Marte Nedrebø og rektor. Vel møtt!! Les og sjå fint foto av dei to leiarane frå artikkel i Veslebladet 25.september.
Besøk av elevombod Christian Tynning Bjørnø
Elevombodet har vore på skulen og informert om kva arbeid han har og korleis elevane våre kan nytte hans tenester. Han la stor vekt på kor viktig eit fungerande elevråd er, og kva føremoner ein får dersom ein har eit oppegåande utval av tillitselevar i dette rådet. Vidare poengterte han at elevrådsarbeid syner att på ein CV som eit postivt sign...
"Den kulturelle skulesekken"
PAPP-besøk!! "Welcome to Tordal.no! We are Hilde & Bard Tordal; artists and designers with a passion for designer toys." Og leiketøyet, vesle Papp, rullar over golvet, storøygd, litt redd.. og veldig, VELDIG søt. www.tordal.no ...... er nettsida til Papp-foreldra
Psykososialt miljø/Psykisk helse
http://sor.rvts.no .... er nettadressa til "Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging." Skulen har vore på seminar med leiarar av senteret. Dei gjer eit stort og omfattande arbeid innan områda dei er sette til å dekkje, og ein kan finne hjelp og rettleiing om ein søkjer. Eit av prosjekta deira heiter "Å høre t...
Fullt hus og stor stas
Den første fredagen kvar haust er det elevarrangement, mange aktivitetar og premiering til beste klasse. Her er glimt frå konkurransen i å kaste på stikka................ og det gjekk godt!!
Stort møte for VG1-elevar og føresette måndag 23.august kl.18.30
Skulen er i gang, første skuledag var måndag 16.august. No kallar me inn til informasjonsmøte for alle VG1-elevane og deira føresette. Vel møtt!! Les du vidare, finn du program for kvelden.
Mange søkjarar til skulen
Me har hatt gledeleg stor søknad, og me prøvar å gje alle søkjarar eit tilbod dei ønskjer og er tente med. Skuleåret 2010-2011 blir det fleire store grupper på Vest-Telemark vgs., ungdom og vaksne. Å ha ein god distriktskule betyr mykje for lokalsamfunna, og her er me glade for at elevar vil ta vidare utdanning hos oss. Velkommen til alle "g...
Bryggjefest 17.juni
Skuleåret er slutt, det er ferie. Eit godt år, ein velfortent ferie! Men avskil kan vera vemodig. I år sluttar to gode kollegaer, Anne Randi Skjelvik og Magne Aamlid, og me kjem til å sakne dei.Kva skal dei drive med no når dei blir pensjonistar?, jau, rektor Torgrim har opplegget klart :Anne Randi skal bli revyartist, ho er så flink til å kle...
Strålande avslutningsfest for 3A
Med allsongen "Din tanke er fri" opna festa, godt leidd av kontaktlærar og avdelingsleiar Geir E. Martine viste oss eit heilt biletgalleri av avgangselevane "usensurert," som ho sa. Og det vart fleire bilete, ein film laga av Geir T. Alt saman svært underhaldande.
OiMG har besøk av Camilla og Stine
3.september 2009 fekk Camilla ei lita jente som heiter Stine. No krabbar ho rundt og er glad og fornøgd og vil gjerne sitje i fanget til alle i gruppa. Til hausten skal Stine i barnehagen, og Camilla kjem tilbake på skulen
Vårtur til Dyreparken i Kristiansand
HS-klassene har bede med seg Jan Erik og Berit frå OiMG på tur. Det er veldig hyggjeleg å bli invitert, og båe har gleda seg lenge til denne dagen. Alle saman køyrde buss til byen, det var fin skyss. Dagen var full av morosame opplevingar. Jan Erik fekk sjå både løver, tigrar og sjiraffar. Han tok bilete av sjørøvarskip og fekk kjøpe Sabeltann-...
Nytt ordens- og IT-reglement 2010
Me har fått nye reglar for orden og IT-bruk våren 2010. Du finn dei under fanen "Skulen" på "Lover og reglar"
Vaksenopplæring 2010-2011
Kontakt Ressurssenteret ved Vest-Telemark vgs tlf. 35079100. Du kan oppnå studiekompetanse, ta deleksamenar og du kan bli fagarbeidar. Undervisning foregår både på dagtid og kveldstid. Spør etter Lene, Else (på biletet) eller Karl Torstein. Sjå fanen øvst til venstre på denne nettsida. Der finn du e-postadresse og telefonnr. Du kan lese meire o...
Yrkesmessa 2010
Yrkesmessa 2010 ved Vest-Telemark vgs. Messa er den største me har arrangert med ca 80 stands. Grunnskulane frå heile vestfylket er på besøk, mange er samla. Tilbakemeldingane fortel oss at dette er eit tiltak skulen må halde fram med å arrangere. Alle gjester, elevar, informantar og rådgjevarar er fornøgde. "Me får gode svar på det me spør om,...
Skulens helsetilbod 2010-2011
Under fanen "Nyttig" finn du informasjon om helsetilbod. Eit viktig satsningsområde for skulen er psykisk helse. Kvart skuleår, tidleg om hausten, får alle nye elevar delta på eit kurs der m.a.helsesyster og psykiatrisk sjukepleiar i Tokke kommune har regien.
Vidaregåande opplæring 2010-2011
Skal du søkje vidaregåande opplæring 2010-2011? 1. februar er søknadsfrist for inntak på særskilt grunnlag. For ordinært inntak til vidaregåande skule og læreplass er fristen 1. mars.Søknad til vidaregåande opplæring i skule og bedrift finst på www.vigo.no/ (les vidare). Du kan søkje frå og med 7. januar 2010. Du loggar deg inn på nettsida med...
Skulebesøk hausten 2009
Me ønskjer velkommen til Vest-Telemark vgs. Grunnskule-elevbesøk tysdag 24.nov., onsdag 25.nov., torsdag 26.nov. fredag 27.nov. og måndag 30.nov.
Snoskuterveka 2009 er veke 9
Skuterveka er eit årleg høgdepunkt for elevar på yrkesfag!! Her kan du lesa "Viggen.no" sin artikkel -"Snoskuterveke" :
Fagblad om yrkesopplæring
Les side 4 om mekanisk avdeling på Vest-Telemark vgs i artikkelen "Null i frafall, null i fravær."
60-talsfest 18.desember kl.19.00-24.00
Stor fest på skulen - midt i mørketida! VG2-elevane arrangerer. Alle elevane er velkomne til fest. Me vil at nettopp du kjem!! Premie for beste kostyme, konkurransar og anna moro.
Skuleavslutning vår 2008
Dei siste Reform 94-klassene, VK2 allmennfag og VK2 helse- og sosialfag, hadde ein flott avslutningsfest i kantina på skulen fredag 13. juni 2008.
Meir enn 80 elevar, foreldre og lærarar hadde møtt fram denne fine junikvelden. Rektor ynskte velkomen før allsongen "Din tanke er fri". Så var det snittar og brus, og eigenkom...
Polarcamp 11.-13.mars
Suksess?? Yessssss!! - elevar og lærarar overvintra på vidda
POLARCAMP 2008
Me markerer Polaråret
Vest-Telemark vgs. i Bjålands, Johansens, Nansens og Amundsens fotspor
- for miljø
- for samhald
- for positiv innstilling
- for nyttige erfaringar
Galleri
Yrkesmessa 2008
Grunnskuleelevane og våre eigne elevar har delteke på Yrkesmessa. Me har hatt besøk av over 70 informantar. Hovudpersonane dette året var statsråd Magnhild Meltveit Kleppa og representantar frå Toyota Norge og Funnemark Seljord.
Avdelinga for teknikk og industriell produksjon har fått ein flunkande ny bil i gåve. Tusen takk!!
M...
Kurstilbod ved Vest-Telemark ressurssenter 2008-2009
1. Helsefagarbeidar
2. Generell studiekompetanse
Søknadsskjema finn du som link når du les vidare
Skulen har vunne ein pris. Elev Marit Haugen og lektor Gunnar Sandvik skal til Canada og Nordvestpassasjen.
Me gratulerer!!
Nordvestpassasjen og Vest-Telemark vgs
Ambassaderåd Matt Deutscher frå Canadas ambassade kjem til skulen for å gratulere vinnarane.
Stad: Kantina ved Vest-Telemark vgs
Onsdag 7. november kl 12.15-13.00
Vest-Telemark vgs er plukka ut til å repr...
Eksamensresultata vår 2007
Fylkesoversikt -Telemark fylke (Refr.VG 23.oktober-07)
Skulen vår har dei nestbeste resultata i fylket :
1. Skien vgs 3,60 i gjennomsnitt
2. Vest-Telemark vgs 3,57 i gjennomsnitt
3. Rjukan vgs 3,40 i gjennomsnitt
Me er utruleg stolte av elevane våre. HURRA!!
Ungdomsskulebesøk 2007
I veke 46 og 47 hadde me besøk av alle grunnskulane i Vest-Telemark.
Det var trivelege dagar!! Velkommen att.
"Andakt" - av Anne-Grimdalen skal avdukast
Vakker bronseskulptur av ei bunadskledd kvinne har kome
heim - til Vest-Telemark vgs og Tokke kommune.
Skuleavslutning i sol og sommarver
16.juni var det stor fest for elevar, føresette og lærarar.
Ungdomsskulane på besøk
Ein ny runde med ungdomsskulane er ferdig. Takk til alle for koseleg besøk, og velkomne att.
Førarkortopplæring på Vest-Telemark vgs
Vest-Telemark vgs er ein av fem vgs i landet med tilbok om førarkortopplæring

