Besøk av Sölvi Algermissen fra Wiefelstede i Nord-Tyskland
Sölvi har Leonardo da Vinci-stipend og skal vera hos oss ei veke. Målet for veka er å bli kjent med norsk skule og lære norsk. Familien hennar har hatt hytte i Fyresdal i 15 år. Der har dei vore i alle feriar sidan ho var liten, ho er no 20 år. På sikt vil ho flytje og bu i Noreg, for ho likar nordmenn, og ho likar naturen her!!
Utdanningsplanen hennar er å studere, ho ønskjer å bli lærar i matematikk og tysk. Sölvi har vore med i tysktimar, delteke i undervisninga og har halde foredrag for elevane. Kjekk jente, koseleg besøk. Me ønskjer Sölvi lykke til med framtidsplanene og takkar for at ho valde å koma til oss.


