Besøk av elevombod Christian Tynning Bjørnø
Elevombodet har vore på skulen og informert om kva arbeid han har og korleis elevane våre kan nytte hans tenester. Han la stor vekt på kor viktig eit fungerande elevråd er, og kva føremoner ein får dersom ein har eit oppegåande utval av tillitselevar i dette rådet. Vidare poengterte han at elevrådsarbeid syner att på ein CV som eit postivt signal dersom ein søkjer jobb. Me takkar for god og nyttig informasjon, -- og for koseleg besøk.


