Top menu



More articles

DBY


Den lette skulesekken

iPad

Vest-Telemark vidaregåande skule har, som den første vidaregåande skulen i Telemark, starta med eit prosjekt om bruk av iPad i undervisninga. Fredag 19. august fekk VG1 Helse- og sosialfag utdelt kvar sin iPad, og har den siste veka gjort seg kjende med brettet. På utdelingsdagen var VTB til stades, og dei skreiv ein flott artikkel i avisa dagen etter.

 

Etter ei veke med oppstart, ser det ut til at bretta fungerar som dei skal, og klassen er i full gang med utprøvingane. Faglæraren; Siv Reidun Einebærholm har oppretta ein eigen blogg om prosjektet. Den vert oppdatert med jamne mellomrom, og fortel om ulike aktivitetar, hendingar og erfaringar i prosjektet. Me håpar me finn ut at dette er framtida for IT-bruken i skulen.