Elevundersøkinga 2011
Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der elevane får seia si meining om trivsel på skulen, og om kva som er viktige for å lære best mogleg.
Elevundersøkinga, som er individuell og anonym, vert utført kvar vår frå 17. januar til og med 29. april. For vår del skjer det i veke 4. Det er obligatorisk å gjennomføre denne for alle elevar i 7.klasse og 10.klasse i grunnskulen, og for alle Vg1-elevane i vidaregåande skule. Resultata skal skaffe skulen kunnskap som kan nyttast til å lage ein god skulekvardag for kvar einskilt elev.
I Telemark fylkeskommune kan ein også ha elevundersøkinga i VG2-klassene, om ein ønskjer det.


