Top menu



More articles

DBY


Infokveldar for ungdomsskulane i regionen

10 klasse info åmot nov 2011 010

Rådgjevarane er i fullgang med å gje informasjon til alle 10. klassingane våre. Med på laget har dei alle dei vidaregåande skulane i regionen.

Onsdag kveld 9. november var det stort informasjonsmøte i Åmot for alle 10. klassingar i kommunane Tokke og Vinje, og tysdag 15. november sto Fyresdal og Nissedal for tur.

I Åmot var salen var full av tilhøyrarar som fekk mykje informasjon av heile 6 skular i regionen. Rådgjevar Per informerte om skulen og synte ein kort film. Etter at alle skulene hadde presentert seg, vart det høve til å gå rundt å snakke med alle informantane frå dei ulike skulane. Frå skulen vår stilte foruten rådgjevar, også studieleiar, avdelingsleiar for yrkesfag og fleire elevar frå skulen. Takk til desse for fin innsats.

 

I Fyresdal var det også foreldre og elevar som fekk flott informasjon om skulane våre. Mange av skulane har laga informasjonsvideoar, som er både spennande og informative, og desse slår alltid godt an. Rådgjevarar og informantar har gitt mykje bra informasjon. Desse kan ein også kontakte i etterkant. Elevane våre er også flotte ambasadørar, og dei kan fortelje mykje om korleis det er å vere elev ved skulen.