Top menu



More articles

DBY


Mykje moro på mjuk skulestart

Grill

Mange aktivitetar og stor innsats då alle gruppene på skulen konkurerte om gjeve reisekroner fredag 19. august.

Elevane måtte tippe både vekt, volum og lengder i ulike kategoriar, dei kasta på stikka og dei kasta erteposar. Kunnskapane om bil vart testa og dei måtte finne ut av ulike typar verktøy. Sangkunnskapane vart også sett på prøve når dei måtte tippe barnesangar, og smådelane i øyra måtte også få namn.

Resultata var jamne, men til slutt gjekk følgjande av med seieren:

  1. plass: 3 Realfag
  2. plass: Vg1 TIP
  3. plass: vg2 TEKA

Me gratulerer så mykje med bidrag til reisekassen til klassen.

Dagen vart avslutta med pølser og brus.