Top menu



More articles

DBY


Ordføraren i Tokke på skulebesøk

Tysdag 4. januar 2012 fekk skulen storfint besøk. Ordføraren i Tokke kommune Hilde Alice Vågslid ønskte å vitje skulen.

 

Etter ei kort orientering fekk ho sjå dei ulike avdelingane på skulen. Det vart og høve til ein prat med nokre av elevane. Ho understreka at det er utroleg viktig med ein vidaregåande skule her i Vest-Telemark som kan gje elevane eit så stort val av fag som skulen gjer. Elevane kan velje mellom fleire utdanningsvegar og det ser ho på som særs viktig. I framtida vil kommunane i Vest-Telemark framleis trengje fleire nye arbeidstakarar dersom dei skal klare å gje innbyggjarane i Vest-Telemark det tilbodet dei har idag. Også næringslivet i Vest-Telemark vil trengje fleire arbeidstsakarar i framtida. Difor syntes ho det var så godt å sjå at tett samarbeid mellom skule og samfunnslivet rundt gjev elevane fleksible mogelegheiter til ei kvar tid.