Top menu



Flere artikler

DBY


Skuleavslutning vår 2008

Dei siste Reform 94-klassene, VK2 allmennfag og VK2 helse- og sosialfag, hadde ein flott avslutningsfest i kantina på skulen fredag 13. juni 2008.

Meir enn 80 elevar, foreldre og lærarar hadde møtt fram denne fine junikvelden. Rektor ynskte velkomen før allsongen "Din tanke er fri". Så var det snittar og brus, og eigenkomponert song (særemnet!) av Anne Helene Tveiten frå 3A. Mimring med turbilete var eit populært innslag, så bar det ut i det fri. Fotografering! Etter fotosesjonen var det kake, så kom klassestyrarane Birgit Johanne og Else fram for å halde talene sine. Avgangangselevane fekk skryt og kvar si raude rose som takk for innsatsen. Så var det elevanes tur til å dele ut godord, blomar, blåbermuffins(!) med meir. Johnny Bjerk hadde også gitaren med seg; han song og spela James Taylor som berre han kan. Kvelden blei avslutta med to rektortaler: ei ved Tarjei Helle og ei ved Torgrim Otterholt. Med "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" summande i hovudet gjekk me ut i den varme kveldssola, og heim.

Bilete