Spennande samarbeidsavtale med Statkraft
Vest-Telemark vidaregåande skule får delta i arbeidet med å oppgradere Byrte kraftverk.
Byrte kraftverk skal oppgraderast i løpet av dette skuleåret. Statkraft har invitert skulen til å delta i arbeidet. Karl Torstein Hetland og Tore Loftsgarden har tent på ideen, og vil ha elevar frå sine klassar med på prosjektet. Hovudsakleg vert det difor elevar frå Studiespesialiserande og VG2 Industriteknikk som deltek.
Oppdraget går ut på alt frå å gjere utrekningar for vassføring til å delta i tekniske prosessar. Det vert lagt opp til besøk på kraftverket, og kanskje også hos underleverandørar og på driftssentralen på Dalen.
For tida er me inne i planarbeidet. Det praktiske arbeidet startar i januar.


