Terje Riis-Johansen på besøk
Onsdag 31. august var Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat på besøk, saman med andremann på lista Beate Kasland. Frå Tokke var Ordførar Olav Urbø med, samt leiar i kultur- og oppvekstutvalet og Senterpartiet sin ordførarkandidat Thor Arne Heggtveit.
| Et av hovudfokusområda til Terje Riis-Johansen er dei vidaregåande skulane. Han har sett seg føre å besøke alle på ferda si gjennom alle komunane i Telemark fylke. Han er opptatt av fråfall, og vart beroliga med at på vår skule er det nesten ikkje fråfall. Her er me opptekne av å ta i vare den einskilde elev og hjelpe alle fram. |
|
| Etter ei kort orientering fekk delegasjonen ei omvising, der det var høve til å snakke med elevar på dei ulike avdelingane. Dei helste på elevar på Studieførebuande som hadde kjemi, og etablerarkunnskap, dei var innom helse- og sosialelevane og vart gjort kjende med iPad-prosjektet. Dei var ein kort tur innom Barne- og ungdomsarbeiderrommet, kjøkkenet og HS-salen, før dei tok eit lengre opphald i verkstadane. Som tidlegare landbruksminister og Olje- og energiminister så er dette område Terje Riis-Johansen kjenner godt. |
|
| Me håpar at delegasjonen sit att med mykje kunnskap og erfaringar som kan bli nyttige i det politiske arbeidet. |
|


