VG2 - helsefagarbeiderklassa på Rikshospitalet i Oslo
VG2 - helsefagarbeiderklassa var på ekskursjon til Oslo og Rikshospitalet 21.oktober.
Det er få som får høve til å besøke Rikshospitalet, så me er svært heldige som får koma dit. Me blei vist rundt av sjukehusprest Egil Eide som har samarbeida med oss i mange år. Han fortalte om arbeidet sitt som sjukehusprest, og om kva han opplever dagleg i yrket sitt. Det kan vera mange vanskelege og utfordrande møte, men også gledelege situasjonar med pasientar og pårørande.
Han er svært interessant å høyre på, og klar i kva verdiar han meiner er viktig å stå for. Han verkar fordomsfri, varm og tolerant.
Mykje gjorde inntrykk, men kanskje aller mest å sjå ein for tidleg født baby på bare 600 gram som var kopla til utruleg mykje teknologi.


