Vest-Telemark vidaregåande har oppretta fjesbokside
For å nå ut til alle tilhengarane våre, for å knyte saman nye og gamle elevar og lærarar, for å få ein god dialog med alle dei som ikkje alltid er innom skulebygningen vår, - så har me oppretta ei eiga fjesbokside www.facebook.com/VTVGS .
Her håpar me å nå ut med informasjon og samstundes får tilbakemelding og skape ein arena for å møtast om ei felles glede; Vest-Telemark vidaregåande skule.
Me inviterar nye og gamle elevar og lærarar, politikararar og alle som har interesse for skulen vår.
Dialog er viktig. Nettsida vår gir informasjon ut, men gir lite rom for innspel. Ved å ha ei fjesbokside håpar me at dine synspunkt, meiningar, forslag, ynskje og gode idear vil nå fram til oss. Me håpar også at det skal bli ei side der gamle elevar kan møtast og ta del i samtalen kring skulen vår. Debatt er godt og viktig. Kom med innspel og drøft i veg.
Prøv då vel! Lik oss og delta i debatten.


