Yrkesmessa 2010
Yrkesmessa 2010 ved Vest-Telemark vgs.
Messa er den største me har arrangert med ca 80 stands. Grunnskulane frå heile vestfylket er på besøk, mange er samla. Tilbakemeldingane fortel oss at dette er eit tiltak skulen må halde fram med å arrangere. Alle gjester, elevar, informantar og rådgjevarar er fornøgde. "Me får gode svar på det me spør om, og det er lett å finne fram til dei aktuelle informantane," seier elevar og andre gjester. Rådgjevar Per Stordrange ved Vest-Telemark vgs fortel om stort engasjement og godt samarbeid mellom alle involverte partar.


