Plan mot mobbing
Nei til MOBBING! Ved Vest-Telemark vidaregåande skule er det nulltoleranse når det gjeld mobbing av elevar og tilsette. Alle har eit felles ansvar for å reagere dersom dei ser, høyrer eller opplever mobbing på skulen.
Dersom du har mistanke om mobbing
- Ta ei samtale med den som blir mobba for å få bekrefta eller avkrefta observasjonen.
- Diskuter saka med medelev eller kollega.
- Ta kontakt med kontaktlærer eller avdelingsleiar, som har ansvaret for å følgje saka videre til fagpersonar ved skulen.
Ved tilfelle av mobbing
- Den som oppdager mobbing, tek straks opp saka med kontaktlærar eller faglærar. Dersom du synest det er vanskelig, må meldinga vidareførast til ein annan ansvarleg vaksenperson, t.d. rådgjevar, helsesyster eller leiinga.
- Lærarar eller leiinga innkaller til samtale om hendinga.
Fagpersonar er :
· Kontaktlærer
- Rådgjevar
- Leiinga ved skulen v/avdelingsleiarar, studieleiar, rektor
- Medelevar og alle tilsette
· Helsesyster
· Kommunens kriseteam
· PPT
Me oppfordrar til:
At me samarbeider om tiltak som kan forebyggje eller hindre mobbing, og som skapar eit positivt oppvekst-/lærings- og arbeidsmiljø på skulen.
”Gjer det du har lyst til, så lenge det ikkje kjem i konflikt med andres rett til å
gjera det samme – dette er definisjonen på moral.”
Forslag til forebyggjande tiltak
-Elevsamtaler.
-Heve kompetansen i konflikthandtering.
-Arbeide for meir inkluderande skulemiljø gjennom elevråd og miljøarbeidar.


