Læringssyn - Elevrolla - Lærarrolla
Les kva skulen meiner om dette....
1.Læringssyn
- Individuell tilpassa opplæring.
- Aktiviserande, varierte og differensierte arbeidsmetodar.
- Fremje tverrfagleg undervisning og syne samanhengen mellom fag, arbeidsliv og samfunn
- Utvikle sosiale og demokratiske evner ved samarbeidslæring.
- Freista førebu elevane på livet utanfor skulen, både i familie- og arbeidsliv.
2. Elevrolla
- Ha ansvar for eiga læring.
- Vera aktiv i læreprosessen.
- Få tilrettelagt undervisning ut frå ulike føresetnader, interesser og behov.
- Utvikle sosiale eigenskapar og ansvarskjensle.
- Sjå samanhengen mellom faga og bakgrunnen for læringa.
- Ta del i utviklinga av eit godt arbeidsmiljø og eit godt fellesskap.
- Ta avstand frå mobbing.
- Følgje skulens skrivne og uskrivne reglar.
3. Lærarrolla
- Leggje til rette for god dialog med elevane
- Samarbeide med elevane om arbeidsplanar for å nå læreplanmåla
- Har ansvar for tilpassa opplæringstilbod
- Styrke det faglege og sosiale miljøet i klassa.
- Vise samanhengen mellom fagplanar og den generelle delen av læreplanen.
- Engasjere elevane i vurderingsprossessen.
- I stor grad vera tilgjengeleg for elevane
- Gripe inn og melde frå dersom nokon blir fysisk eller psykisk mobba.
- Melde frå dersom elevar ikkje maktar å nå oppsette mål.
- Samarbeide med alle i skulesamfunnet
- Vera ein leiar som viser veg og set grenser.


