Særskilt tilrettelagt opplæring
Særskiltundervisning
All vidaregåande opplæring skal tilpassast kvar einskilt person ut frå evner og føresetnader. Nokon personar har større behov for tilrettelegging av opplæringa enn andre. Skular og lærebedriftene skal difor nytte varierte arbeidsformer.
Ulike typer tilrettelegging kan vera :
* Grunnkompetanse (kompetanse på lavere nivå)
* Studiespesialisering med arbeidstrening (tidlegare kalla "Opplæring i mindre gruppe el. OIMG-gruppe)
* Fokus på praktisk opplæring
* Skule kombinert med arbeidsutplassering
* Fordjupning innanfor enkelte fagområde
Tiltak
Vanlige tilretteleggings-tiltak er :
1. Utvida opplæringstid, f.eks. VG1 over 2 år.
Ein kan ta nokre VG1- fag det første året, andre VG1-fag neste år, eller ein kan leggje alle VG1-faga ut over 2 år.
2. Kombinasjon av skulebasert og arbeidslivsbasert opplæring (arbeidstrening)
3. Auka lærartettleik ved ekstra lærar i gruppa, opplæring i mindre grupper eller individuelt
4. Elevassistent
5. Tekniske hjelpemiddel
6. Spesielt tilpassa opplæringsmateriell
7. Tegnundervisning, tolk m.a.
Dersom du har behov for tilrettelegging, kan du melde frå om dette på to måtar
- Mindre tilretteleggingsbehov – i tillegg til at du søkjer ordinært, kan du melde mindre tilretteleggingsbehov på skjemaet «Melding til vidaregåande skule om tilretteleggingsbehov o.l.». Då er søknadsfrist 1.mars.
- Har du større behov, kan du søkje på særskilt grunnlag om opplæring i ordinær klasse eller opplæring i mindre gruppe. Då er søknadsfrist 1.februar.
Dersom du er i tvil om søknadsforma, kan du drøfte dette med rådgjevar, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), skulen du vil søkje deg inn på eller inntaks- og formidlingskontoret på fylkeshuset i Skien.
Mindre tilretteleggingsbehov
Dei fleste som søkjer seg inn i vidaregåande opplæring, søkjer om ordinært inntak med søknadsfrist 1. mars.
Dette gjeld også dersom det er vanlege tilretteleggingsbehov, f.eks. mindre lese- og skrivevanskar, medisinske vansker (allergi og reumatisme), psykososiale vansker, fagvansker eller andre mindre tilretteleggingsbehov.
I tillegg til å søkje på ordinært inntak bør du gje melding om tilretteleggingsbehovet på skjemaet «Melding til videregående skole om tilretteleggingsbehov o.l.». Dette skjemaet skal sendast direkte til skulen du har som 1. ønske, slik at skulen kan tilpasse undervisninga best mogleg for deg. Du kan få meldeskjemaet av rådgjevaren ved ungdomsskulen eller laste det ned frå nettstaden www.telemark-fk.no/opplaring.
T-rådsleiar er Lars Torstein Momrak


