Skuleåret er slutt, det er ferie. Eit godt år, ein velfortent ferie! Men avskil kan vera vemodig.
I år sluttar to gode kollegaer, Anne Randi Skjelvik og Magne Aamlid, og me kjem til å sakne dei.
Kva skal dei drive med no når dei blir pensjonistar?, jau, rektor Torgrim har opplegget klart :
Anne Randi skal bli revyartist, ho er så flink til å kle seg, pynte seg og sjå vakker ut, og det er gode eigenskapar på ein scene.
Magne skal ta til som ambassadør, smile og vera vennleg og imøtekomande, ta seg av alle gjester som kjem i ulike ærend. Me sluttar oss til desse orda og ønskjer dei to lykke til i nye spanande oppdrag.