Strålande avslutningsfest for 3A

Publisert: 11. juni 2010

Anne Marie Romtveit

Med allsongen "Din tanke er fri" opna festa, godt leidd av kontaktlærar og avdelingsleiar Geir E. Martine viste oss eit heilt biletgalleri av avgangselevane "usensurert," som ho sa. Og det vart fleire bilete, ein film laga av Geir T. Alt saman svært underhaldande.

Kjersti song "We are the world" og Joacim spela Brahms.

Elevene tala, dela ut gåver, bartekam til Geir og tysk Noregsreklame til Åsne.
Dei fekk godord med seg frå rektor, han tok til i stillinga si nett det året desse elevane vart fødde, i 19991. Han understreka trivsel mellom elevane og lærarar som viktige faktorar i samspel mellom menneske, og også det å ha røter i eit lokalsamfunn.

Kontaktlærar Åsne framheva humør, vennskap, omsorg og læringsvilje som eigenskapar elevane har. Som døme på humor siterte ho Christian : "sit du i rullestol, er det vanskeleg å stå på eksamen!"

Ungdommane fekk roser, og som ekstra honnør, "rosa" dei kontaktlærarane sine ved å røre hovudet deira med blomen sin. (Nytt bilete kjem)