Etter gjennomført VG1 Helse- og sosialfag, kan du velje mellom to retningar (programområde) på VG2.
VG2 Helsefagarbeidar
VG2 Barne-og ungdomsarbeidar
Avdelinga har i dag to klassar :
Me tilbyr også VG2 Helsefagarbeider, men akurat i år var det så få søkjarar til denne klassen at me ikkje kunne gje tilbodet. Det er me svært lei oss for, og håpar at det vert nok søkjarar til både Helsefagarbeider og Barne- og ungdomsarbeider til neste skuleår. Me treng gode fagarbeidarar i Vest-Telemark.
Når du er ferdig med to år på skulen, søkjer du læreplass i den kommunen du vil utdanne deg i. Kommunane våre stiller opp med læreplassar etter kva dei har behov for. Gjennom dei to skuleåra får du rikeleg høve til å gjere deg kjend med praksisplassar gjennom Prosjekt til fordjupingsfaget. Då marknadsfører du også deg sjølv samstundes. Det er viktig med tanke på å få praksisplass etter VG2. Gode fagarbeidarar er attraktive.
Etter studier hos oss, kan du også ta eitt år påbygg med allmennfag og få studiekompetanse. Så kan du søkje høgskular. Ein flott veg å gå dersom du til dømes vil bli sjukepleiar, førskulelærar, lærar eller vernpleiar. Kompetansen gjeld også innanfor mange andre høgskulestudier. Her kan rådgjevar gje gode tips. Å gå vegen om Helse- og sosialfag for å ta høgare utdanning gir deg mykje gratis av kompetanse innan fagområda, særskilt gjeld det dei før nemnde fagområda.
Her er kontaktlærarane våre:
| På VG1 møter du Inga |
|
På VG2 møter du Astrid |
|