Arbeidslivstreningsgruppa

Publisert: 27. aug 2010

Anne Marie Romtveit

Studiepesialisering med arbeidstrening / kvardagslivstrening

Dette er eit opplæringstilbod for elevar med spesielle behov knytt til læring og sosial fungering, og som har behov for tilrettelegging utover det ein får i ordinære klasser.

Elevane har generelle, samansette og spesifikke lærevansker, og behov for opplæring i grupper med redusert elevtal.

Opplæringa er retta mot trening på daglege gjeremål, og arbeidstrening som førebur eleven til framtidig varig tilrettelagt arbeid eller arbeidsliknande aktivitetar. Spesialundervisning (jf. Opplæringsloven § 5-1).

Opplæringstilbodet følgjer avvikande læreplanmål i alle fag med skriftleg vurdering utan talkarakter.

Sluttkompetanse kan være kompetanse på lågare nivå med kompetansebevis som dokumenterer den opplæringa eleven har fått i vidaregåande skule.

Skulen utarbeider IOP for kvar einskilt elev.

 

Hovedmål for opplæringen: ”Klare meg best mogeleg”

Programområda Arbeidstrening/Kvardagslivstrening tek utgangspunkt i felles læreplanverk for grunnskule og vidaregåande opplæring, læringsplakaten og lokale læreplanar.

Læreplanen har stor grad av individuell tilpasning og skal vere ei hjelp i arbeidet med å finne dei rette måla for eleven. Det kan også vere aktuelt å hente mål fra andre utdanningsprogram.

Det er eit viktig mål å leggje til rette for framtidig arbeid eller dagtilbod og kvalifisere til konkrete arbeidsoppgaver. Intensjonen med opplæringa er at dei fleste elevane går ut i eit arbeidsforhold etter endt skulegang. For nokon vil dagsenter vere aktuelt.

Den beste motivasjon for læring er når elevane opplever meistring og framgang, og det er fokus på at opplæringssituasjonen skal være ei positiv oppleving for elevane. Opplæringa tek sikte på å auke livskvalitet og leggje grunnlag for at kvar elev blir sjølvhjelpt i størst mogleg grad. Det vere seg bustad, arbeid, fritid og i samfunnet for øvrig.

Opplæringen er målretta og tilpassa den einskilte, noko som danner grunnlag for vurdering av mål nedfelt i elevens individuelle opplæringsplanen.

Det blir lagt vekt på meistring der eleven får utfordringar etter evner både på det praktiske og det sosiale planet. Undervisningen er tverrfagleg og fellesfag blir i stor grad integrert i den praktiske delen av undervisningen, slik at det blir heilskap i læringa.

En viktig del av opplæringa er kombinasjon av skule og arbeidstrening eller utplassering i bedrift. Arbeidspraksis i verna bedrift eller på tilrettelagt arbeidsplass, blir vurdert etter behov og nytte.

Arbeidstrening kan og vere organisert internt på skulen.

Det er tett samarbeid med føresette, PPT og andre støttetenester rundt eleven, og det vert halde ansvarsgruppemøte.

Opplæringstilbodet er eit heiltidstilbod der omfanget er 22 heile timar i 38 veker.